Korpsmusikantane: Dagens heltar

Kultur

Dagens store heltar er korpsmusikantane. Rundt om i bygd og by har dei trassa regn og sludd og hjelpt til å skape 17. mai-stemning på ein nasjonaldag som i år ikkje hadde så mykje å fare med i utgangspunktet. Men folk har forsøkt å gjere det beste ut av det og 17. maistemninga kom sigande i år også. Ikkje minst takka vere musikkorpsa.