Ulstein skule i 1959: Denne smilande gjengen er 1.-klassingar ved Ulstein skule i 1959. Vi ser frå venstre Magne Ulstein, Oddvar Pedersen, Sverre Jarl Ulstein, Andreas Moldskred, Oddbjørn Skeide, Harry Dimmen, Ragnar Skeide, Svenning Skeide (delvis skjult) og Lidbjørn Vattøy. Framme sit Sidsel Scheide (til v.) og Ingunn Berit Ulstein. Det første skuleåret var Gustav Flø læraren deira, men etter nokre år kom unge Inger Marie Mundal frå Ålesund for å undervise ved Ulstein skule. Ho vart gift med Anton Kleiven og tok då etternamnet Kleiven. Også Klara Ulstein (mor til Ingunn Berit) var lærar for dei i barneskuletida. 1.-klassingane sit i trappa ved gamle Ulstein skule, som i følgje Kristen Ulstein si bok «Grunnskulen i Ulstein gjennom 250 år» vart teken i bruk frå nyttår 1932 (berre eitt av klasseromma den første tida). Seinare vart kjellaren innreidd til sløyd- og gymnastikksal. Skulebygget stod tidlegare på Halsen. Skulen var i bruk fram til 1975 då ein ny skule stod ferdig i retning Skeide. I dag er den gamle skulebygningen blå – og er atelier for kunstnaren Einar Magne Flø. ANNE GRY EILERTSEN

Ulstein skule i 1959