Min barndoms paradis

YTRE: Den ytre delen av Kjøpmannsgata, fotografert frå Bakkehuset, truleg 1946. Åsengarden med våningshus og løe nærast. Solstrand pensjonat lenger bak 

Kultur

Endeleg er våren komen, og vi ventar med spenning fram til å sjå resultatet av at Kjøpmannsgata vart oppgradert til miljøgate. Den skal skape trivsel for små og store og stå fram som ein stad der det er godt å vere.

Med oppmjuking av koronareglar vert det å ynskje at intensjonane med miljøgata er oppfylte, så vi med glede kan ta heile området i bruk.

Som eldre ser ein gjerne at livet har ulike faser der barndomen er tida då grunnlaget vart lagt til at ein vart den ein vart. I året som gjekk har minna frå min barndom vorte sterkare for meg, og nye minne har dukka opp ettersom arbeidet i Kjøpmannsgata tok form. Det var akkurat der eg hadde min barndoms paradis: Kjøpmannsgata med områda ovanfor, opp mot Edvardløa, Pålhaugen, Krokdalen og ut mot Flø-garden. Nedanom vegen hadde vi flotane ned mot sanden og ei utruleg fin badestrand. Vi kunne fritt nytte heile området til aktuelle aktivitetar til alle årstider. I ettertid har eg undra meg over kor romslege omgjevnadene var, og gav oss på ein måte eigarskap til heile området. Men kvar av dei ein veks opp saman med har si historie, og denne blir difor mi.

INDRE: Kjøpmannsgata, fotografert truleg vinteren 1946. Bildet er teke frå Bakkehuset og innover mot kyrkja. Nede i venstre bildekant ser vi huset der Robert Hareide dreiv med slakteri – og der det seinare kom hatte- og moteforretning og frisørsalong. Lenger inne ser vi skomakarverkstaden til Iver Røyset – og til venstre for den igjen og litt lenger bak: Rosahuset. I høgre bildekant: Nessethuset. 

Ei tid va’

Kjøpmannsgata, eller Bølgeblekkgata som vegstubben vart kalla i 30-åra, låg som ein enklave mellom dei to små bygdesentra Indre og Ytre Hareid, der brua over Åsen-elva eller Krokelva var grensa mellom sentra. Vegen var den einast køyrande mellom Indre og Ytre Hareid. Til fots kunne ein elles fylgje råsa langs strandkanten.

I mitt minne, frå midten av 30-åra, hadde Ytre Hareid to landhandlar: Helge Hovlid og J.J. Holstad - ei kjøtforretning, Njørd Holstad - og John Alvestads bakeri. På Indre Hareid låg tre landhandlar: Dybhavn, K.L. og Johanbutikken, den siste også med skipshandel.

Ein sterk patriotisme hadde utvikla seg i dei to bygdelaga. Dei som budde på Ytre vart kalla utettemitlar og dei på Indre var tilsvarande innaettemitlar. Kvart bygdesenter hadde sitt eige fotballag, med baner på myrane inn mot Hareidselva og Damen på Indre, og oppe i Hovleden for dei på Ytre. Oppgjer mellom dei to rivaliserande laga vart til tider avgjorde nede på sanden, som var ein meir nøytral stad. Men det kunne berre skje ved fjøre sjø. Både Ytre og Indre hadde eigne kaianlegg, og rutebåten til og frå Ålesund veksla med å gå til ytre og indre kai annankvar dag, utanom sundag , då gjekk der ingen rutebåt. Ein dag i veka, eg trur det var torsdag, var båten innom begge kaiene. Ordninga var grei nok for folk som budde i sentrum - og så sant det var råd, vart nok byturen lagd til ein dag båten la til kaia ved «eiga» side . Det var ikkje alltid like enkelt for dei som budde lenger unna. Det kunne nok hende at ein miste ein bytur ved å gå til feil side.

Så seint som på 50-talet var patriotismen enno så stor at på speidartur kom jentene frå Ytre med «Njørd-pølser» og jentene frå Indre med «Eide-pølser», og pølsene vart merka før koking så kvar kunne finne att favorittpølsa.

Ved slutten av 20-åra var berre 4 bustadhus reist langs denne vegen, som rakk frå kyrkjegarden og ut til Drammensvegen.

Lengst inne låg huset til Trygve Hareide, så kom Bakkehuset, og på nedsida av vegen, litt lenger ute, låg Åsen-garden. Ytst ute, med oppkøyrsle ved Drammensvegen, låg Flø-garden, bygd i 1926.

Postkontoret , som tidlegare hadde vore i Gomyra, og også nokre år i Johangarden på Indre, vart etter ei tid flytta til kjellaren i Flø-garden, der Rut Hovden (Hareide) vart poststyrar. All post kom til bygda på ettermiddagen, med rutebåten frå Ålesund, og vart henta på kaia av postfolka, oftast med sykkel. Etter sortering av posten vart kontoret opna for utlevering. Det utgjorde reine folkevandringa, og området vart ein viktig møteplass for folk i sentrum av Hareid som sjølve måtte hente posten sin. Og dei var gjerne ute i god tid.

Fleire personar som hadde sine faste turar til postkontoret kjem i minnet mitt. Til dømes gamle Severin Holstad, som trufast kom frå øvste bakkane på Holstad, og dei to døtrene til A.C. Riise, Svan og Anny. Dei hadde alltid med den evneveike broren Ørnulf. Han vart ikkje bortgøymd, men fekk fylgje systrene overalt. Eg høyrde aldri at han sa eit ord, han berre var der, med heile seg.

Ved starten av 1930 -åra auka aktiviteten i Kjøpmannsgata. Dina Nesset (Eikrem) fekk reist eit bygg innafor Bakke-huset der ho starta med trikotasjeproduksjon og sal av ulike varer. På motsett side av vegen bygde Gustav Hareide (Elvanes) eit slakteri som vart dreve av sonen Robert. Etter kort tid vart Robert sjuk og Johan Måseide tok over drifta nokre år til han opna kjøtforretning på Indre. Slakteriet vart med det omgjort og fekk endra bruks-område: Åsta Teigene opna hatte- og mote-forretning og Inger Follestad (Skeide) frisørsalong.

I 1935 hadde mor mi, Ida Follestad, kome i gang med garn- og broderiforretning i Bakkehuset. Litt lenger inne kom Røyset skomakarverkstad. Noko seinare også med skobutikk. Om lag der Kyrkjelydshuset (bedehuset) står i dag vart det sett opp eit kommunalt bygg som vart kalla Stolpehuset, eit langt, lavt hus med skråtak av bølgeblekk. Huset låg på langs inntil vegen og var eit av dei tre husa som gav vegen namnet Bølgeblekkgata. Det fungerte som lagerplass for stolpar og andre ting som kommunale etatar kunne få trong om.

I DAG: Midt i bildet: Kjøpmannsgata/Bølgeblekkgata, oppgradert til miljøgate våren 2020. 

Stolpehuset var til stor glede for oss ungane. Eg trur nok der måtte vere ei dør på inste kortveggen av huset, men eg kan aldri hugse at ho i så fall var låst. Vi gjorde oss nytte av innhaldet i huset, og fann mellom anna ein stor «bukk» og ein tilsvarande lang planke og laga «dippedue» til ein heil flokk. Bygget var også godt eigna til å «kaste over tak» med, der det eine laget stod innpå vegen og det andre på nedsida av huset.

Prestestova, som vi no finn på kyrkjegarden, stod då på nedsida av svingen mot Indre Hareid. Som namnet seier var det der presten tok inn når han hadde tenester på Hareid. På denne tida var Holmås vår prest. Han budde i Ulsteinvik og fekk etter ei tid eigen bil som han parkerte ved Prestestova. Gutungane som var så heldige å vere på plass når Holmås skulle heim, sprang lettføtte nedatt om dei fekk site på med han fram til Holstad-skulen. Petter Bakke, Pit, var ein trottig haikar, men ein kyrkjesundag kom ikkje Holmås, og Pit, som stod klar ved Prestestova, tusla vonbroten heim. Ved neste møte såg han presten i auga og spurde: «Lyge’ du me’, du?» Den sundagen hadde det altså vore «messefall», det vil seie at ei tillyst gudsteneste vart avlyst.

Om somrane kunne det også vere andre hendingar ved Prestestova som var med og farga kvardagen. Det var når eit «splintefylgje» kom med hest og nedlesst vogn og slo seg ned der med heile huslyden og alt sitt spargas. Dei fleste namna er borte, men eg minnest ei vakker jente som vart kalla Skjønn-Laura og ein yngre gut, Feke. Fylgjet slo seg gjerne ned for nokre godvêrsdagar, og gjekk rundt i husa og selde vispar og anna husgeråd. Ved dårleg vêr var der alltid ein eller annan som opna låvedøra og let fylgjet kome under tak. (FRAMHALD)