Klart for digitale festspel med Odd Nordstoga og fleire

Kultur

Då koronapandemien trefte Norge blei alle arrangement med større publikumsmengder avlyste eller flytta på - eller gjort digitale. Det er sistnemnde som har skjedd med Dei nynorske festspela.

Dei skulle eigentleg gått av stabelen, i regi av nynorsk kultursentrum, mellom 11. og 14. juni.

I staden kan publikum 12. og 13. juni få oppleve mellom anna Odd Nordstoga og Edvard Hoem heime i stova. Det kjem fram av ei pressemelding sendt ut frå Dei nynorske festspela onsdag.

Du kan gå til nynorsk.no via denne lenkja (ekstern lenkje).

I samarbeid med produksjonsselskapet Oclin og den digitale plattforma Vi er live vil Festspela produsere direktesendingar som publikum kan kjøpe tilgang til. Arrangementa blir sende frå eit studio i Oslo.

Årets festspeldiktarar

Odd Nordstoga og Stein Versto er årets festspeldiktarar. Samarbeidet mellom dei har resultert i kjende songar som til dømes «Frøken Franzen».

I sendinga 12. juli får publikum eit møte med desse to i samtale med journalist og forfattar Finn Tokvam. Det blir innslag av dikt og musikk.

Far og dotter Hoem

13. juni deltek forfattar Edvard Hoem i direktesend konsert med dotter si, artist Ine Hoem.

Der vil Ine framføre både salmar og andre songar faren har skrive, medan Edvard sjølv vil lese frå dei kritikarroste utvandrarromanane sine.