Språkspalta: Gymnas og gymnastikk

Ordet GYMNOS vart nytta av oldtida sine grekarar når dei trente utan klede på seg. Dette var også bakgrunnen til at kvinner ikkje fekk vere til stades under dei olympiske leikane.  Foto: Illustrasjon.

Kultur

Her om dagen fortalde eg ein elev ved ein vidaregåande skule at eg i min ungdom gjekk på GYMNAS. Det vekte litt undring, og vedkomande lurte på om det hadde noko med GYMNASTIKK å gjere. At eg gjekk på ein slags idrettsskule.