Kjøpmannsgata/Bølgeblekkgata på Hareid (III): Eit sosialt og kulturelt senter

Jentespeidarar: Hausten 1941 stilte jentespeidarane på Hareid opp til fotografering i nye uniformar i ei bakkehelling på Fløgarden. Tyskerane hadde forbode å bruke dei, og kravde at dei vart innleverte til lensmannen. Men lensmann Harkjerr var ein rimeleg mann og gjekk stillteiande med på at draktene i staden vart lagt i ei kasse som vart nedgraven like ovanfor Fløgard-tunet. På bildet ser vi speidartroppa med patruljeførar Rut Hovden Hareide lengst til venstre – og vidare: Anne Marie Hovlid, Randi Grimstad Nøringset, Erna Gamlem, Alis Hareide, Kjellaug Åsen, Berit Hareide, Jorun Husøy, Lidvor Gjerde, Josefine Holstad, Kristbjørg Nevstad, Johanne Bakke, Irene Follestad, Olaug Eilertsen og Magnhild Hareide. 

Kultur

Framhald - første delen av denne serien stod på trykk fredag 29. mai.



Del to den 3. juni.


Dette er tredje og siste bolken.

I 1939 vart der uttrykt ynskje om å kome i gang med speidararbeid for jenter i bygda. Rut Hovden (Hareide) tok utfordringa og vart leiar for 1. Hareid tropp. Johanne Bakke og eg var akkurat i rett alder, og med aksept frå foreldra kom vi med der frå starten av.

Den første tida var Rut også leiar for vår patrulje. Rut hadde husvære ved sida av postkontoret i Fløgarden, og der hadde vi også patruljemøta. Det var spennande å kome inn bak skranken på postkontoret og verte kjend med nye og framande lukter av stempel og andre postremedier. Der vart det læring og prøvetaking, også om mangt som låg utanfor det vi lærde i skulen. Og det auka sjølvtilliten og var til å vekse på når vi fekk lære mangt om ulike emne, og vi visste ofte meir enn det dei vaksne gjorde.

Speidararbeidet kom i gang berre få månader før krigsutbrotet 9. april, og sommaren 1941 var vi komne så langt at vi fekk reise på leir. Det var stor stas, og vi hadde fått nye uniformer. Leiren låg på Eikrem i Mauseidvåg og var fyrste leiren for jentespeidarar på Sunnmøre.

Men tidleg i september same året kom det opprop frå «Die Wehrmacht» om at alt speidararbeid var forbode. Drakter med alle tilhøyrande effektar skulle leverast på lensmannskontoret, slik det også vart gjort med radioane til folk. Lensmann Harkjerr var ein rimeleg mann og let oss få ha draktene, med atterhald om at dei vart så forsvarleg gøymde at ingen fann dei. Berre protokollar og ein del andre ting vart innleverte.

Dermed vart troppa samla i Flødalen til fotografering. Så vart uniformene pakka saman og lagde ned i ei trekasse og gravde ned der. Speidararbeidet vart med dette slutt på ubestemt tid. Så kom 8. mai 1945. Gleda og spenninga var stor då vi kunne leite opp staden og grave opp kassa. Draktene var like fine, men dei aller fleste av oss hadde vakse i 4 år, så draktene var altfor små. MEN VI VAR FRI, og arbeidet kunne takast oppatt. Nye speidarjenter kom til og draktene kom til nytte.

Sko og gutespeidar

Lenger inne i Kjøpmannsgata låg skomakarverkstaden der Karl Røyset, Iver-Kalla, hadde sin arbeidsplass. Der var det opne forhold, og folk kom gjerne innom berre for å få ein prat. Iver-Kalla hadde før krigen starta opp med triangelarbeid for gutar, noko som seinare vart til KFUM-speidararbeid. Mesteparten av arbeidet, med prøvetaking og opplæring, gjekk føre seg i og rundt verkstaden. Arbeidet han sette i gang stod han for i meir enn ein heil mannsalder.

Då krigen kom hadde verkstadbygget også fått skobutikk. Men ettersom tida og krigen utvikla seg vart det stendig minkande vareutval i butikkane. Slik også på skobutikken. Som dei fleste varer var også skorne rasjonerte, og ein måtte ha tilvising frå forsyningsnemnda for å kjøpe eit nytt skopar. Med det auka trongen om reparasjonar, behovet for skomakarar var stort. Under krigen var det heller ikkje alltid lett å kome i gang med vidare skulegang for alle. Situasjonen førte då til at mang ein hareidsgut fekk sine første yrkesaktive år som skomakarlærling på Røyset skomakarverkstad. Slik var der heile tida ein flokk ungdomar saman med den eldre staben. Og dei arbeidde godt i lag.

(Teksten held fram under bildet)

Gutespeidarar: Skomakarverkstaden til Iver Røyset var arnestad for gutespeidararbeidet på Hareid. Lokalet samla både dyktige skomakarar og ivrige speidarar. Bak Iver Røyset ser vi frå venstre: Lidvar Rise, Asbjørn Flø, Karl I. Røyset, Bjarne Brandal og Per Grimstad. Alle desse hadde fleire års læretid i skomakarverkstaden. 

Til tider var der også det som dei kalla privatistar. Det vil seie at ein mann fekk seg ein krakk der han sat og sjølv reparerte skorne til eiga familie og kunne kjøpe det tilfang som trongdest. Der var høgt under taket, med høglydde diskusjonar som ikkje alltid var samstemte. Og der var plass for alle meiningar, og trygt nok til at alle kunne våge å seie kva ein meinte. Der var eit grunnlag med stor gjensidig tillit og respekt som viste veg og mål for eit godt liv. Ein visste kvar ein hadde kvarandre og stolte på kvarandre. Det merka også vi som til tider var innom, kanskje ikkje minst for å ha litt moro.

Eg tek med ei historie frå 1943, den hausten Johanne og eg vart konfirmert. Iver-Kalla og kona skulle i bryllaup og vi to vart trudde til å passe dei to borna deira. Det sa vi med glede ja til. Vi visste ikkje då at Kalla fortalde dette til ein av lærlingane sine og sa at han gjerne måtte ta med seg ein kamerat og gå og halde oss med lag (det var krig, må vite, så ein kunne aldri vite---.).

Eg har aldri tenkt at Iver-kalla ville prøve seg som giftekniv, det hadde han neppe sans for, og til det var vi alle fire for unge. Men det er no rart då; tenk at eg som har Kjøpmannsgata som min barndoms paradis etter alle solemerke kan feire 70-års bryllaupsdag med skomakarlærlingen som vart send for å halde oss ved lag!