Kulturskuleelevane og korpsa viste seg fram under ny drive-in-konsert

Hasund og Dimnøy skulekorps sette i gong konserten laurdag kveld.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Nyekyrkjekarane har arrangert fleire drive-in-konsertar dei siste vekene, og det har vist seg å vere eit populært tilbod. Denne laurdagen var det klart for elevane ved Ulstein kulturskule og fleire av dei lokale korpsa. I rundt to timar var det musikk og song frå kulturskuleelevane på Ulsteinscena.