Opna utandørs avslutningsutstilling for kulturskuleelevane i Ulstein

Musikklærar Linda Elin Nygård spelte trekkspel, medan Madelen Nygård Jørve spelte fiolin under opninga av avslutningsutstillinga til Ulstein kulturskule.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Rundt 50 av elevane ved Ulstein kulturskule har no sine kunstverk plassert i vindauga til Ulstein bibliotek - slik at den som vil kan sjå dei frå utsida. Måleri, teikningar og masker - som elevane har jobba mykje med. Utstillinga blir verande der i 14 dagar framover.