Butikkturane inspirerte Helene til å skrive dikt

Helene Hovden Hareide ville eigentleg gi ut bok som 17-åring, men livet vart ikkje heilt som ho hadde tenkt. I sommar debuterer 31-åringen med boka «Butikksongar».

Debutant: Tidlegare i år gav Helene Hovden Hareide ut boka «Migrasjonar» på Det Norske Samlaget, som var ei attdikting frå spansk av livsverket til den mexicanske forfattaren Gloria Gervitz. I august kjem ho med diktboka «Butikksongar», denne gongen på Aschehoug. Foto: Litteraturhuset i Bergen 

Kultur

Den utflytta hareidskvinna fortel til Vikebladet Vestposten at boka har vekse fram over tid. Sidan ho var ung har ho hatt lyst til å bli forfattar. I ungdomen drøymde ho om å debutere med bok, men så vart det ikkje sånn. Ho vart mor som 21-åring, og småbarnslivet var hektisk. No har ho to gutar, på 6 og 10 år, og ting byrjar roe seg litt meir.