2,8 millionar til vestnorske filmskaparar

Filmskaparar frå Vestlandet får til saman 2,8 millionar i støtte til nye filmprosjekt i den siste tildelingsrunden frå Vestnorsk filmsenter.

Emily Louise Millan Eide frå Ulsteinvik får 100.000 kroner i utviklingsstøtte frå Vestnorsk filmsenter til dokumentarfilm om målaren William Heimdal. Prosjektet har også fått støtte frå NFI og Filmkraft. Foto: Per Eide/Privat 

Kultur

Den geografiske spreiinga blant filmskaparane som har fått støtte er stor. Dei kjem mellom anna frå Suldal, Hardanger, Rauma, Ulsteinvik og Bergen.

Den største potten går til Simone Hooymans frå Ålvik i Hardanger, som saman med produsenten Turid Rogne i Aldeles film har fått 450.000 kroner i produksjonsstøtte til ein animasjonsfilm med tittelen «Det uendelege teppet».

Siri Bråtveit frå Suldal har saman med den same produsenten fått 400.000 kroner i produksjonsstøtte til ein kortfilm om korleis vi snakkar med kvarandre og søkjer bekrefting på nettet. Filmen byggjer ifylgje omtalen på autentiske samtalar frå eit nettforum.

Filmselskapet Smau Media i Bergen får på si side 430.000 kroner i produksjonsstøtte til ein dokumentarfilm om anarkisten og kunstnaren Laurie Grundt.

I tillegg blei det løyvd utviklingsstøtte til to dokumentarprosjekt, eit spelefilmprosjekt for barn og tre dramaseriar. Blant dei som har fått støtte er Bømlos store son, forfattaren Bjørn Sortland, som saman med det nyetablerte filmselskapet Mothership Entertainement har fått 130.00 i utviklingsstøtte til spelefilmen «Picassomysteriet».

Skodespelaren og dramatikaren Stig Ryste Amdam har saman med filmselskapet Mer film i Vest AS fått ein tilsvarande sum i utviklingsstøtte til ein spelefilm om fiskeværet Telavåg under krigen.

Filmskaparen Emily Louisa Millan Eide frå Ulsteinvik har på si side fått 100.000 kroner i utviklingsstøtte til ein dokumentarfilm om William Heimdal, som er ein av dei mest lovande unge målarane i Noreg. Filmen skal produserast av selskapet Screen Story Film og TV AS.