Frida Ånnevik til Ulsteinvik

Frida Ånnevik kjem til Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august.  Foto: pressefoto/ Anne Valeur

Kultur

Artisten Frida Ånnevik er klar for Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.

Ho skal spele på utescena på Kulturallmenningen, saman med mellom andre Adam Douglas.


No er det klart – det blir Trebaatfestivalen i august:

Festivalmoro i Ulsteinvik – med Adam Douglas og fleire på scena


I ei pressemelding seier festivalsjef Line Urke at dei er svært glade for å få så store stjerner til festivalen.

- Når utgangspunktet var som verst på grunn av korona-pandemien, fann vi ut at dette kunne bli bra viss vi berre torde å tru på det, seier ho.

Frida Ånnevik har gitt ut fire album, og mange såg henne nok då ho var med i TV2-programmet "Hver gang vi møtes".

Ho er tildelt Grappas debutantpris, Spellemannprisar og Prøysenprisen.

Trebaatfestivalen blir arrangert frå torsdag 13. til søndag 16. august, og Ånnevik skal spele laurdagen. Det blir to konsertar, ein på ettermiddagen og ein på kvelden.

Line Urke fortel at det på grunn av koronarestriksjonane kjem til å bli selt eit svært avgrensa tal med billettar.