Tilbake i gamle farvatn

  Foto: Tor Arne Aasen

Kultur

Tor Arne Aasen, som nyleg starta som rektor på Ulstein ungdomsskule, er over snittet interessert i det maritime.



Denne veka tok han bilde av ei gamal ferje mange på ytre Søre Sunnmøre truleg dreg kjensel på.

Aasen har sendt oss bildet og denne teksta:

Den gamle klassiske ferja Rosesund passerte onsdag kveld sitt gamle ruteområde i Ulstein/Herøy på veg sørover frå vikarteneste i Trøndelag.

Ho vart bygt som Torulf i 1967 i Ulsteinvik og gjekk i rute til øyane i Herøy fram til bruløysing kom på 70-/80-talet.

På bildet passerer ferja Herøybrua som gjorde ho arbeidsledig på strekninga Ulsteinvik-Torvik for 44 år sidan.

Deretter heldt Torulf fram på strekninga Torvik-Runde til her kom bru i 1982.

Etter nokre år på Molde-Sekken vart ho seld ut av fylket og gjekk nær 20 år i rute Hjellestad-Klokkarvik. Deretter gjekk ferda til Finland før ho kom attende til heimlandet i 2014 og vart reserveferje for Gulen Skyss, først på Sotra, deretter i Solund frå årsskiftet.