Chris Holsten er klar for Trebaatfestivalen

Chris Holsten er no bekrefta klar for Trebaatfestivalen i august..  Foto: Pressefoto.

Kultur

Musikaren Chris Holsten er no bekrefta klar for Trebaatfestivalen 2020, som går av stabelen mellom 13. og 16. august.

27-åringen er nok for dei aller fleste mest kjend som ein av vinterens artistar i "Hver gang vi møtes" på TV2. Der var han mellom anna saman med Frida Ånnevik - som også kjem til Trebaatfestivalen.

Han var også med i NRK sitt program "Stjernekamp" i 2018 - då Ella Marie Hætta Isaksen gjekk av med sigeren framfor ho som eigentleg skulle representert Norge i årets Eurovision Song Contest, Ulrikke Brandstorp.

- Det blir eit verkeleg stjernelag med Holsten, Frida Ånnevik og Adam Douglas. Vi er kjempestolte over å ha fått dette til, seier Hugo Antonsen i Trebaatfestivalen, til Vikebladet Vestposten.

Også det lokale bandet Evergood skal underhalde på scena på Kulturalmenningen laurdagskvelden.

Det blir som tidlegare annonsert lagt opp til to konsertar, med 200 billettar til kvar konsert - grunna koronasituasjonen.




No er det klart – det blir Trebaatfestivalen i august:

Festivalmoro i Ulsteinvik – med Adam Douglas og fleire på scena