- Det kjennest ekstra interessant og nært

Knut Arne Høyvik (manusforfattar), Dagfinn Olav Bye (regi) og Torgeir Hauge (dirigent i damekoret Sirene) møttest måndag ettermiddag for si første øving. Alle foto: Erik K. Heimdal 

Kultur

Det er litt over ein månad til den 15. utgåva av Trebaatfestivalen, og førestillinga "Over Havet For Fred" opnar festivaljubileet på kveldstid torsdag 13. august. Stykket handlar om trebåtane si rolle under andre verdskrigen, og det blir teke utgangspunkt i lokale historier. Knut Arne Høyvik har skrive manuset til stykket og har regien saman med Dagfinn Olav Bye, og Dagni Myrene og Sæmund Helde spelar hovudrollene.