Steinnes stiller ut i Ulsteinvik

Kunstnaren Robert Steinnes har utstilling i Ulsteinvik no i august.

stiller ut: Robert Steinnes bur i Volda. No i august har han utstilling i Ulsteinvik. Foto: Ulstein Kunstlag 

Kultur

Utstillinga er i regi av Ulstein Kunstlag, og opnar fredag 14. august i samband med Trebaatfestivalen.

Steinnes er 46 år gamal og bur i Volda. Han er utdanna frå Statens Handverks- og kunstindustriskule i Oslo, der han gjekk han 3 år på institutt for metall. Han har også gått i lære hos Aksel Tostrup og Kirsten Kokkin, heiter det i pressemeldinga frå kunstlaget. Han er også verksmeister for kunst og handverk på Høgskulen i Volda.

Menneske har vore eit gjennomgåande tema i arbeida hans, og Robert ønskjer å fange ulike stemningar i uttrykk og sinnstilstandar, skriv kunstlaget.

Opninga er fredag på Amfi i Ulsteinvik.

  Foto: Ulstein Kunstlag