Tilrår millionløyving til vikingparken i Hjørungavåg

Hjørungavåg Vikingpark kan få 1 367 000 kroner i tilskot dersom Kultur-, næring- og folkehelseutvalet går inn for tilrådinga frå fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.. Eit langhus utgjer ein sentral del av parken og dette skal etter planen stå ferdig innan hausten 2022 og skal byggast av lokal fure.  Foto: Arkitekt Magne Bergseth

Kultur

Hjørungavåg Vikingpark kan få 1 367 000 kroner i tilskot dersom Kultur-, næring- og folkehelseutvalet går inn for tilrådinga frå fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.

Saka skal opp til handsaming i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i fylket tysdag 1. september.



Møre og Romsdal fylkeskommune skal fordele 3,5 av til saman 55 millionar som Kulturdepartementet har løyvd til lokale kulturbygg over heile landet. Midlane er spelemidlar frå overskotet til Norsk Tipping.


Vil bygge Hjørungavåg Vikingpark

Eit bygdemøte på Jomsvoll torsdag kveld slo fast at bygging av eit langhus i tradisjonell vikingstil kan kome i gang på Leira alt til våren.


I tillegg til tilskotet til vikingsenteret tilrår fylkeskommunedirektøren elles tilskot til rehabilitering av Gurisenteret på Smøla, rehabilitering av Bygdheim forsamlingshus på Midsund i Molde og rehabilitering av Ljosvang forsamlingshus i Vestnes. I tillegg går eit mindre restbeløp frå i fjor til rehabilitering av Molde kulturhus. Det kom inn til saman ni søknadar i årets søknadsrunde, melder fylkeskommunen.

– Det er gledeleg å sjå at det er fleire søknader enn på mange år, og at det blir søkt om tilskot til bygg med såpass varierte funksjonar, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding. Ho fortel vidare at dei kunne tenkt seg meir midlar til denne ordninga. – – Slik det er no så får vi på langt nær dekt det behovet som er for bygging og rehabilitering av kulturbygg i fylket, seier Wedlog Olsen som trur at enno fleire vil søke om det blir meir midlar i ordninga.

Tilskotet kan gå til kulturhus, fleirbrukslokale, bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsalar, formidlingslokale for biletkunst og livssynsnøytrale seremonirom.