Bror Magnus er tenorsolist under urframføringa av «Krigsseilerrekviem»

Bror Magnus Tødenes, her frå då han inviterte til «Italiensk aftan med norske tonar» på Sjøborg kulturhus i juni - får ei sentral rolle i «Krigsseilerrekviem», som har urpremiere i Oslo 8. november.  Foto: Arkiv/Linda Eikrem.

Kultur

Operasongaren Bror Magnus Tødenes, som saman med kona, Ida Katrine Hagen Johansen, og pianist Hallvard Fremstad inviterte til «Italiensk aftan med norske tonar» på Sjøborg kulturhus i juni - er no aktuell som tenorsolist under urframføringa av «Krigsseilerrekviem» i operaen i Oslo, 8. november. Det skriv Sunnmørsposten. (Ekstern lenkje)

«Krigsseilerrekviem» blir sendt direkte i NRK Klassisk - med 200 publikummarar i salen.

Det halvannan time lange verket skal framførast av Kongelige Norske Marines Musikkorps i Horten, Det Norske Operakor og fire solistar. Utanom Bror Magnus Tødenes syng også Tora Augestad, Jens Erik Aasbø og Yngve Søberg.

Det er ørstingen Bjarte Engeset som er dirigent.

Aladdin

Sunnmørsposten opplyser elles om at Bror Magnus Tødenes nyleg kom heim frå plateinnspeling i Danmark.

Akkompagnert av Danmarks Radios Symfoniorkester, hadde han hovudrolla som Aladdin i den danske komponisten Hornemanns ukjende opera «Aladdin».