[ mat ]

Eplesmør

med smak i ei klasse heilt for seg sjølv

SMØREMJUK: eplesmør er ei godsak med smøremjuk konsistens. 

Kultur

Sesongen for norske eple er i gong og det frydar eit mathjarte. Det finnest mykje godt å bruke epla til, men eg vil anbefale deg å prøve dette. Eplesmør er overraskande godt og smakar nesten som karamellisert eplemos. Eplesmør inneheld ikkje smør i det heile, men har derimot smørekonsistens og er nydeleg godt på brødskiva.