– Folk må bli flinkare til å dyrke eigne grønsaker

– Nordmenn må verte mykje flinkare til å dyrke grønsaker, meiner Nikolaos Liandris i Hjørungavåg.

Årets avling: Nikos og hunden Box er god nøgde med potethausten 2020. 

Kultur

Nikolaos Liandris syner oss stolt rundt i den vesle kjøkkenhagen sin på Hjørungneset. I pallekarmane veks det brokkoli, løk, raudbetar – mykje av grøden har han allereie hausta inn, medan andre vekstar ventar på å verte skikkeleg modne. I drivhuset har han mellom anna tomatar, brekkbønner og paprika, men det han har aller mest lyst til å syne fram i dag er potetene sine.