Monica Vermeer stiller ut for første gong sidan 2013

- Eg gler meg, og gruer meg bitte litt

barndom: Utstillinga til Monica Vermeer ved Hareid kunstlag som opnar førstkomande fredag, vil dreie seg om fleire tema, mellom ann barndom. 

Kultur

Komande fredag opnar Hareid Kunstlag utstilling med oljemåleri av Monica Vermeer. - Eg gler meg, og gruer meg bitte litt, kommenterer hovudpersonen sjølv.

Om lag 30 oljemåleri blir å sjå på veggene i Hareid Kunstlag sitt lokale i Kjøpmannsgata. Til dagleg underviser Monica Vermeer i visuelle kunstfag ved Ulstein kulturskule, ei stilling som ho har hatt sidan 2015.

- I starten var det to grupper. No har det blitt til åtte grupper, fordelt på 60 elevar, og eg synest det er svært givande arbeid, seier ho.

Stillinga hennar er på 40 prosent, og det gjer at ho har tid til å vere utøvande kunstnar ved sida av. Ho har atelier på gamleskulen i Eiksund, og dei fleste bileta ho stiller ut på Hareid har blitt til der.

- Men no har det kome ei bedrift inn i den gamle skulen, så det er ikkje sikkert eg får vere der så mykje lenger. Håpet mitt er at Bjørndals Minne kan bli eit kunst- og kultursenter der eg kan få plass, kommenterer ho.

I dag er det mange kunstnarar som brukar akryl når dei måler bilete, men Monica Vermeer held seg til olje.

- Det gir meg meir tid, og eg synest sjølv at overgangane blir finare. Eg er så glad i sjølve handverket, og det kjem best fram med oljemåling, forklarer ho.

Barndom

Utstillinga hennar i Hareid Kunstlag har fleire tema, og eitt av dei er «Childhood» - barndom.

- Eg har tenkt mykje på dei ulike oppvekstvilkåra til barn, og eg er fasinert over kor tilfeldig mykje er. Livet er ikkje rettferdig. Tenk for ein skilnad det blir i oppveksten til barn som til dømes er fødde i Moria-leiren og til dei som er fødde i Noreg, seier ho.

Vermeer er også oppteken av detaljar i naturen, og det vakre.

- Det finst så mykje stygt og vondt i verda, medgir ho og forstår at enkelte kunstnarar føler behov for å skildre det, men sjølv har ho ikkje det behovet. På utstillinga har ho ein del bilete der ho har gått tett inn på blomar og lauv. Men ho har også ei leiken side, og likar seg godt når ho får stå framfor staffeliet og vere heilt fri i val av fargar, rørsler og proposjonar.

Monica Vermeer har ikkje stilt ut bileta sine sidan 2013, då ho hadde utstilling i Ulstein Kunstlag. I dag er det ho som er leiar i kunstlaget.

- Eg syns ikkje eg kan stille ut i eit lag der eg sjølv er leiar, smiler ho, glad for å få stille ut på Hareid, der ho synest kunstlaget har så fine lokale.

«Pike med perleøredobb»

Monica Vermeer kom flyttande med mann og to gutar frå Nederland i 2007, og dei siste 12 åra har dei vore busette på Ulstein. Ho har ofte fått spørsmålet om ho er i slekt med den berømte kunstnaren Johannes Vermeer, som verka på 1600-talet i Nederland, og som blant anna har måla «Pike med perleøredobb».

- Eg er ikkje i slekt med han, men eg har faktisk laga min eigen versjon av «Pike med perleøredobb». Det er selt, men blir stilt ut i Hareid Kunstlag likevel, fortel ho.

Dei om lag 30 bileta som er til sals varierer i storleikar frå 20x30 til 100x100 cm. Ho likar å jobbe i storformat, men store bilete tek mykje plass og er vanskelegare å selje.

- Eg har det ikkje med å tenke så veldig kommersielt, men det er no greitt å få unna nokre bilete, vedgår ho.

Under opninga komande fredag blir det song og musikk ved Trine Teigene Eidsvik og Kevin Myklebust. Utstillinga blir open også laurdag og søndag, og neste helg.

Hareid Kunstlag