Nonne og fysikar kjem til Hareid

Korleis kan ein kombinere vitskap og gudstru? Det får ein vite av Katarina Pajchel – som både er nonne og har ein doktorgrad i fysikk. Laurdag 17. oktober kjem ho til kulturdag på kyrkjelydshuset.

Katarina Pajchel: Laurdag 17. oktober kjem nonna og partikkelfysikaren Katarina Pajchel til kyrkjelydshuset på Hareid.   Foto: Privat.

Kultur

Allereie tidleg på ettermiddagen 17. oktober har ein open kafé i storsalen på kyrkjelydshuset på Hareid, med tombola og salsbod med diverse strikkeprodukt.