Hareid tevlar i finalen om å verte Årets nynorskkommune

Hareid kommune er mellom dei fire finalistane i tevlinga om å verte Årets nynorskommune. I år må ein ha utmerka seg med god koronainformasjon.  Foto: Linda EIkrem

Kultur

Hareid kommune, Kvinnherad kommune, Sunnfjord kommune og Voss herad er finalistane i årets tevling om å bli Årets nynorskkommune 2020. I år må ein ha utmerka seg med god koronainformasjon. Prisen, som er på 100.000 kroner, blir delt ut av kulturministeren den 30. oktober.