HDU og HDS feirar 150 år til saman

HDU og HDS feirar 100 og 50 år med jubileumskonsert på Sjøborg søndag 8. november. Her er det Hasund og Dimnøy Skulekorps, under leiing av dirigent Frank Hauge som øver til konserten.   Foto: Andreas Bjerknes

Kultur

Søndag 8. november blir det storfeiring på Sjøborg. Då skal det markerast at Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps (HDU) fyller 100 år. Men ikkje berre det, for Hasund og Dimnøy Skulekorps (HDS) jubilerer også i 2020. Skulekorpset er 50 år i år og dermed blir det lagt opp til ei skikkeleg 150 årsfeiring.