Innsendt:

Livet på folkehøgskule

på norge rundt: Sist fredag var Synnøve Rabben og fleire andre frå Nordhordland folkehøgskule med i NRK-programmet Norge Rundt. Rabben er fremst til venstre. Foto: Privat 

Kultur

I år er eg elev ved Nordhordland Folkehøgskule på Frekhaug, utanfor Bergen. Skulen min er på omtrent 180 elevar og 20 lærar. Vi alle er godt fordelt over 8 linjer med ei ekstra linje for 2. års elevar/ stipendiatar. Det er ei veldig god blanding av sportslege og kreative linjer på skulen. Eg går linja Musikal – Showtime og stor trivst med det. På linja mi fokuserer vi på musikal, teater, song og dans. Vi har kor-timar i klassa, danseøkter og styrketrening i dansesalen, også øver vi på å verte betre skodespelarar.

Det er veldig variert nivå i klassa mi fordi nokre har meir erfaring enn andre. Nokon er flinkare til å danse medan andre er flinkare i skodespel. På denne måten bruker vi kvarandre sine styrkar på å byggje opp og hjelpe kvarandre. Eg har heldt på litt med song og drill, men aldri skodespel. Derfor synast eg det er veldig kjekt og spennande å få prøve dette. Målet mitt med folkehøgskule året er å prøve nye ting eg aldri har gjort og å kome meg litt ut av komfortsona.

For omtrent ein månad sidan røpte klassa mi, i eit nummer med dans og song på morgonsamling, kva årets fellesmusikal for skulen skal vere. I november skal vi nemleg sette opp Jungelboken! Dette vert veldig gøy for da får vi jobbe med eit fellesprosjekt på tvers av linjene. Førre veke var det prøvespeling for roller på skulen. Først skulle ein synge, deretter spele ein dialog etter manus, og til slutt ha ein improvisasjons del. Det var morosamt å vere på audition for det er noko eg aldri har vore med på før. Og det som gjorde alt mykje meir spennande var at «Norge Rundt» kom til skulen og filma tre av musikal-elevane sin audition. Og eg var så heldig og vart plukka ut. Det var veldig interessant å ha «Norge Rundt» på besøk for vi fekk sjå korleis dei jobba og korleis riksdekkande tv fungerer. Dei fylde da meg og dei to andre elevane, Ingrid og Sunniva, rundt på skulen. Vi vart intervjua, dansa for dei og hadde dei med inn for å filme prøvespelinga.

på folkehøgskule: Dette skuleåret er Synnøve Rabben elev på Nordhordland folkehøgskule. Foto: Privat 

Sidan det er ein fellesmusikal vi skal sette opp, har elevar frå alle linjene på skulen delteke på audition. Eg og dei andre elevane på musikal-linja fekk vere med inn på andre sine auditionar for å vere motspelarar. Det var veldig lærerikt og gøy å sjå på korleis andre gjorde dei ulike scenene og improvisasjons delen. Det var svært høgt nivå på auditionane, og eg trur verkeleg at lærarane har slite med å velje skodespelarar. Sjølv om ikkje alle får roller får ein vere med på å gjere andre ting som er minst like viktige for at musikalen skal verte bra, både under musikalen og i tida i førevegen. Nokre skal lage kostyme, kulisser, andre skal vere i inspirasjons-gruppe og spreie glede medan det vert jobba mot førestillinga.

Skulen min er med å støtte Strømmestiftelsen sitt Bonga-prosjekt «SJEF I EGET LIV». Prosjektet går ut på å skape jobb-moglegheiter og utdanning til ungdom i Tanzania mellom 13–19 år. Dette skal vere med på å lyfte fleire ut av fattigdom. Ungdommane får også kunnskap til rettigheitene dei har og dei verte meir robuste. For å få ein ungdom gjennom kurset kostar det 900kr. Ein kan tenke at dette er ein stor sum men når denne summen kan endre eit heilt liv er den betrakteleg mindre.

No på laurdag 31.10.20 skal alle elevane ved skulen delta i eit sponsorløp for å samle inn pengar til bistandsprosjektet. For eit år sidan var eg i Kenya og besøkte skular i to slummar. Eg såg da kor viktig det er med bistandsarbeid for å hjelpe born og unge til å få eit utdanning så dei kan jobbe seg ut av fattigdom. Eg har vorte veldig prega og inspirert av dette. Derfor ønsker eg å samle inn mykje til bistandsløpet for å ha bidrege til at fleire får eit betre liv.

Heilt til slutt vil eg berre skyte inn at folkehøgskule er heilt fantastisk og er noko eg vil anbefale alle. Om du går ditt siste år eller er ferdig på vidaregåande og ikkje har bestemt deg for kva du skal gjere i neste år anbefaler eg folkehøgskule på det sterkaste! No har eg berre gått her i 3 månadar men det er nokre av dei beste månadane i livet mitt. Det er eit år der ein berre skal kose seg, slappe av litt frå det vanlege skulelivet og karakterpresset, og fokusere på det sosiale. Det er eit år for å dyrke vidare hobbyane sine eller å få nye hobbyar. Einaste «negative» med folkehøgskule er at det er MYKJE god mat, kaker, bollar og saft. Året vert fylt av fine minne med nye og gode venar.