Ein fargeklatt i førjulsstria

Fargeleik: Tysdag opnar Fargeleik juleutstilling på Amfi i Ulsteinvik. Frå venstre: Bjørg Hofset, Kathrine H. Sætrenes, Marit Sundgot Moldskred, Cecilie Bjørnerem-Brandal, Kristin Nytun Moldskred og Ann-Lisbeth Giske Flem. Viviann Skeide var ikkje til stades då biletet vart tatt.  

Kultur

Tysdag 1. desember opnar målarklubben Fargeleik juleutstilling på Amfi i Ulsteinvik. Då lokalavisa var innom utstillingslokalet torsdag var seks av dei sju medlemmene i full sving med å sette i stand utstillinga. Den skal sørge for eit pusterom og ein fargeklatt i førjulsstria på kjøpesenteret.