Musikklaget Ulf inviterte til julekonsert:

Serverte julemagi på Sjøborg

Musikklaget Ulf skapte god julestemning på Sjøborg kulturhus onsdag kveld.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Du veit den kjensla du får når du kjenner at jula verkeleg er her - den kjensla var det nok mange som hadde etter julekonserten til Musikklaget Ulf på Sjøborg kulturhus onsdag kveld. For det ein fekk servert var rein julemagi. Som korpset skreiv på deira eiga Facebook-side i forkant av konserten, var dei "underernærte på julemusikk" - og ein kan trygt seie at dei som var til stades i salen denne onsdagskvelden i midten av desember - gjekk derifrå med ein god porsjon julestemning innabords.