Julenattinéen strålte på "bortebane"

Dyktige musikarar og songarar skapte ei utruleg flott førjulsstund under Julenattinéen, sjølv om lokalet denne gongen var litt annleis enn det ein er vane med. Foto: Andreas Bjerknes 

Kultur

Tysdag kveld var det endeleg klart for den tradisjonsrike Julenattinéen i Ulsteinvik. 2020 er likevel året der tradisjonane vert utfordra og sjølv den årvisse førjulskonserten måtte gjere endringar i dette spesielle året.