Nissane sitt eige forbund

Norske julenissar er sjølvsagt fagorganiserte. I Julenisselauget er det viktigaste å gle andre – og i tillegg ha det litt moro sjølv.

OPPTOG: Julenisselauget samla til opptog på Karl Johans gate ein tidleg januarmorgon i forbindelse med Santa Claus Winter Games for nokre år sidan.   Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Kultur

– Alle som har ein nisse i seg, kan bli med, seier Ole Bele. Han har i fleire år vore såkalla oldermann, altså leier, i Julenisselauget i Noreg. Foreininga har i dag rundt 60 medlemmer.