Julefeiring 2020: Dette droppar vi – og dette tviheld vi på

Juletradisjonar blir ikkje berre borte av seg sjølv. Vi droppar det som ikkje gir meining lenger – som å skremme kvarandre før jul i staden for å kose oss.

SKUMMEL JUL: Åsgårdsreia var ein larmande flokk av gjenferd, slåstkjemper, mordarar, drukkenboltar, bedragarar, lausaktige kvinner, tusser og troll, som ved juletider kom til gards, saman med folks eigne døde slektningar. «Julereia» av Nils Bergslien frå 1922.  Foto: Wikimedia

Kultur

I dag er det sjølvsagt med ei lang oppkøyring til jul. Desember blir prega av koseleg lyssetjing inne og ute. Vekevis med prøvesmaking av julemat og snop. Og kanskje eit lystprega besøk av julenissen på julaftan?