Nynorske tekstar om kultur og korona blir vandreutstilling

Jon Fosse er ein av 75 bidragsytarar i prosjektet «Åleine saman – Korona og kulturen». På nyåret skal det lagast ei vandreutstilling av prosjektet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK 

Kultur

Etter at koronapandemien braut ut i mars, utfordra Nynorsk kultursentrum kunstnarar, vitskapsfolk og andre til å fortelja om denne tida. På nyåret blir bidraga deira forma til ei vandreutstilling.