Sjå lesarane sine nyttårsbilete

  Foto: Anne Elisabeth Kaldhol

Kultur

Det har kome inn fleire bilete som viser korleis lesarane til Vikebladet Vestposten feira nyttår. Det vart ein kald og klar nyttårsaftan, med lite vind. Så alt låg til rette for ei fin feiring.

Både i Hareid og Ulstein var det flotte fellesfyrverkeri.

Her er plass til fleire bilete. Du kan sende inn til redaksjon@vikebladet.no

Anne Elisabeth Kaldhol har sendt oss bilete av at dei feira nyttårsaftan med uteselskap i gapahuken på Kjeldsund leirstad. Det var veldig kjekt å kunne samle vener og samtidig kunne treffast på ein smittevernvennleg måte, skriv ho.   Foto: Anne Elisabeth Kaldhol

Kattepus på videvanke i «midlertidig heim». Vesle Mari fann råd. Pus er no tilbake i eigen heim.  Foto: Kari Wolsdal Eskeland

Nyttårsfeiring på Høgåsen.   Foto: Asle André Lundekvam

Erlend Notøy tok dette biletet frå Hestelegda.  Foto: Erlend Notøy

Kari Wolsdal Eskeland har sendt oss dette koselege biletet av ein bestefar og barnebarn som nyttårsaftan gjekk ut for å sjå på lysa, rakettar og helse på folk.   Foto: Kari Wolsdal Eskeland

Håp om eit godt nytt 2021.  Foto: Marieke Christiansen

Mari (12 år) feira delar av nyttårsaftan på Royal High på Roblox.   Foto: Mari Torvund Måseide

Trine Johnsen har sendt inn dette biletet av det flotte fyrverkeriet på Hareid.   Foto: Trine Johnsen

Liv Sundgot Johannsen tok desse flotte bilete av fyrverkeriet i Ulsteinvik, utsyn frå Holsekervegen.   Foto: Liv Sundgot Johannsen

Liv Sundgot Johannsen tok desse flotte bilete av fyrverkeriet i Ulsteinvik, utsyn frå Holsekervegen.   Foto: Liv Sundgot Johannsen

Frode Vestnes ønskjer alle eit godt nyttår.  Foto: Frode Vestnes