– Hauge hadde eit kall om å vere samfunnsbyggar

Hauge tenkte nytt på mange måtar. Fleire kvinner hadde mellom anna leiande roller i haugianarrørsla og talte på lik linje med menn. Her talar han sjølv for ei forsamling, måla av Adolph Tidemand (1814–1876).  Foto: Wikimedia Commons / public domain

Kultur

I 2021 er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. I tillegg til å vere ein forkynnar, var han òg sentral i norsk økonomisk utvikling og vekst og den tidlege industrialiseringa. Han la føringar for næringsutviklinga både på 1800-talet og 1900-talet.