Siste dag: Laurdag var siste dag Hareid Folkebibliotek heldt ope i rådhuskjellaren. No står det ned- og oppakking, flytting og planlegging att før det nye biblioteket opnar på Helsehuset i april. Her studerer Bente Elvebu og Anne Vasstrand 150-årsheftet som vart gitt ut om Hareid Folkebibliotek i 1983. Foto: Andreas Bjerknes

Hareid Folkebibliotek er klare for eit nytt kapittel

I 36 år har biblioteket i rådhuskjellaren i Hareid sørga for leselyst i kommunen. Laurdag vart siste punktum sett for lokalet som bibliotek, men snart kan ein opne neste kapittel i bibliotekhistoria i Hareid kommune.