Koronarestriksjonar gjorde at Josefine i staden blei døypt ved inngangen til Hareid kyrkje: – Ei fin stund

Det sa dåpsbornet sine foreldre, Espen Brandal og Elena Rusten Kvaalen, til lokalavisa etter seremonien. For å få med fleire familiemedlemmar under dåpen blei den like greitt flytta like utanfor inngangspartiet til kyrkja.

Dåpsbarnet Josefine Kvaalen Brandal smilte om kapp med sola gjennom heile dåpsseremonien ved inngangen til Hareid kyrkje søndag. Sokneprest Lars Hartig-Tangedal, foreldra og fadrane smilte dei også av kor blid vesle Josefine var.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Frå tysdag av kan ein samle inntil 100 personar på innandørsarrangement med faste, tilviste plassar. Dermed kan fleire samlast til større gudstenester – også i kyrkjer med benkar eller lause stolar. Det blei klart under ein pressekonferanse regjeringa heldt fredag i førre veke.