Bror Magnus Tødenes har tittelrolla i ny oppsetting på Bergen Nasjonale Opera:

– Eg må seie at eg gler meg veldig til dette

Songstjerna frå Eiksund håper å trollbinde publikum i Grieghallen, når Wolfgang Amadeus Mozart sin klassiske opera «La clemenza di Tito» har premiere der laurdag 13. mars.

Klargjering: Her sit Bror Magnus Tødenes i sminkestolen for ei sminkeprøve – i høve oppsettinga av Wolfgang Amadeus Mozart sin klassiske opera «La clemenza di Tito» på Bergen Nasjonale Opera. Tødenes fortel til Vikebladet Vestposten at han gler seg til responsen frå publikum.  Foto: Monika Kolstad/Bergen Nasjonale Opera.

Kultur

Då Vikebladet Vestposten snakka med Bror Magnus Tødenes i førre veke, var han godt i gang med øvingane til operaen «La clemenza di Tito» – der tenoren har tittelrolla som den barmhjartige keisaren Tito – basert på den romerske keisaren Titus (79-81 e.kr.).