Gårsdagen:

100-årsjubileet for Røyset kvinneforeining

100-årsjubileum: Kvinnene på bildet er bak frå venstre: Judit Kaldhol, Liv Røyset, Myrthel Mork, Gerd Røyset, Lina Røyset, Rakel Røyset, Nelly Tøssvik, Solfrid Hovden, Jofrid Østrem og Kristbjørg Overvåg. Framme frå v.: Oddrun Giskeødegård, Borghild Røyset, Valborg Røyset, Ingeborg Giskeødegård og Johanne Røyset. Myrthel Mork, oppvaksen på Sundgot, er i dag den einaste attlevande av dei som er med på bildet.   Foto: Runar Haddal.

Kultur

Det ligg ein «Rubens fargepalett» over dette fotoet av Røyset, Hovden og Mork kvinneforeining, som Runar Haddal har fotografert. Kvinnene er samla i stova til Judit Kaldhol for å markere at det var 100 år sidan Røyset kvinneforeining vart stifta i 1889.