Arrangerer kveldssamlingar for ungdomsskuleklassene i Hareid:

- Veldig kjekt med aktivitet i lokala igjen

Fredag hadde klasse 9A ved Hareid ungdomsskule sin kveld på ungdomsklubben på rådhuset. Der gjekk det i pizza, spel og aktivitetar.

Ungdommane i klasse 9A ved Hareid ungdomsskule storkosa seg på kveldssamling på ungdomsklubben fredag. Her er det airhockey som blir spelt.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

At det igjen var aktivitet på ungdomsklubben i kjellaren på Hareid rådhus var tydelegvis stort for alle som hadde møtt fram - både for ungdommane i klasse 9A ved Hareid ungdomsskule og klassekontaktane.