Hareids-rapparen Birdie Pirat klar med to nye låtar:

- Musikken har blitt min måte å snakke om vanskelege tema på

Bjørn-Tore Øvrelid slepper to rykande ferske låtar førstkomande fredag. I begge låtane tek han føre seg samfunnsaktuelle tema.

Nye låtar: Hareids-rapparen Bjørn-Tore Øvrelid, kjent som Birdie Pirat - er førstkomande fredag klar med to heilt nye låtar, «Tenk om..» og «So nær».  Foto: Hold Takta Records.

Kultur

Fredag 26. mars "droppar" Bjørn-Tore Øvrelid, eller Birdie Pirat – frå rapkollektivet Kontrollert Kaos – to nye låtar, pluss ein heilt ny musikkvideo på YouTube. Lenkje til Birdie Pirat sin YouTube-konto finn du her (ekstern lenkje).