Ei perle i Ulsteinvik sentrum

Kultur

Dei to siste gongene «Gårsdagen» har hatt motiv frå Ulsteinvik, har det vore av Fredheimsringen og stiftarane av venneforeininga, søstrene Borgny Osnes og Oddny Eikill. Det kjennest derfor naturleg å avslutte denne vesle Fredheim-sekvensen med eit foto av sjølve bygget.