Ho og tre andre frå Ulstein og Hareid får TEFT-stipend

Kornelia Roppen og Marte Hallingstad Barstad frå Ulstein - i tillegg til Simon Tonev og Isak Wingsternes frå Hareid får 50.000 kroner kvar frå Sparebanken Møre.

Kornelia Roppen (bildet) imponerte mellom anna med gull i lengde under junior-NM i 2020. Ho er blant dei fire frå Ulstein og Hareid som får TEFT-stipend frå Sparebanken Møre.  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes.

Kultur

Sparebanken Møre delar i år ut TEFT-stipend på til saman 800.000 kroner til unge talent innan kultur og idrett. Kvart av stipenda er på 50.000 kroner, og går i år til 16 lokale talent på Nordvestlandet.