Påskekonkurransen "Kven er kyllingen":

Her er vinnarane

Kultur

Det var god deltaking på påskekonkurransen vår, der vi hadde leika oss litt med fotoredigering og forandra fem lokale fjes til søte påskekyllingar.

Skjærtorsdag var det hekkeløpar Karsten Warholm som var svaret. Dei aller fleste hadde det rett, sjølv om nokon hadde gjetta på Leidulv Ø. Grimstad.

Langfredag var det korrekte svaret Gunn Berit Gjerde, tidlegare ordførar i Hareid og fylkespolitikarar. Dette var tydelegvis ei enkel oppgåve ettersom ingen hadde tippa noko anna.

Anders Riise var svaret vi ville fram til på Påskeaftan. At det var den tidlegare hareidsordføraren var noko fleirtalet hadde kome fram til, sjølv om Leidulv Ø. Grimstad var eit av forslaga også her. Rein Aleksander var det også nokon som kom med framlegg om.

Påskedag var det sokneprest Margit Lovise Holte som var kyllingen, noko eit overveldande fleirtal hadde kome fram til.

Mellom forslaga til sistemann ut i konkurransen den 2. påskedag var Morten Ulstein og Svein Eiksund. Det rette svaret var likevel kommunedirektør Verner Larsen.

Vi seier takk til alle som deltok i konkurransen, og presenterer med dette dei fem vinnarane som får kvar sitt digitale tre månaders abonnement på Vikebladet Vestposten:

Louise Sunde Johansson, Ålesund

Hege Tretnes, Hareid

Gry Helen Flø, Hareid

Sæbjørn Myklebust, Larsnes

Wenche Stokke