Ulstein kulturskule

– Elevane skal få opptre for sin eigen del

Mange elevar har sakna å øve fram til ein konsert eller oppvisning. Endeleg skal fleire få synt seg fram igjen.

Kornett: Ingrid Ryttvad Kleiven (9 år) og Rebekka Hammer Nygjerde (9 år) øver i lag med lærar Kåre Jørve. Alle foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Kultur

Kulturskulerektor Julianne Hauge fortel at mange av elevane har sakna det å arbeide fram mot eit mål, anten dei lagar kunst, dansar, syng eller speler musikk. Råd, reglar og retningsliner både nasjonalt og kommunalt har gjort det utfordrande å planlegge konsertar og oppvisningar. Det har vore vanskeleg å vite kor mange publikummarar dei kan sleppe inn. Blir det tjue, femti, hundre eller tohundre? Difor har kulturskulen det siste året hatt langt færre framsyningar enn vanlegvis.