Aldri før har det vore så mange bubilar ved Flø Feriesenter:

- Det er heilt nydeleg her

Det sa Bente Kipperberg og Oddbjørn Sunde, som i helga var på Flø Feriesenter for første gong. På det meste var det 50 bubilar på campingområdet - noko som er ny rekord.

Oddbjørn Sunde og Bente Kipperberg var blant dei mange bubileigarane som hadde tatt turen til Flø Feriesenter i helga. Dei hadde aldri vore på Flø med bubil før, og storkosa seg i den milde vårsola.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

- Det er utruleg kjekt å sjå at så mange tek turen til Flø, seier Eldar Stein Flø, eigar og drivar av Flø Feriesenter, til Vikebladet Vestposten.