Slik fordelte levekårsutvalet 75.000 kroner

Hjørungavåg skulekorps var ein av aktørane som fekk tildelt støtte.   Foto: Linda Eikrem

Kultur

Levekårsutvalet i Hareid kommune fordelte på sist møte kulturmidlar for 2021. Det kom inn 14 søknader om pengar, 13 av dei kom innan fristen 1. april 2021. Sunnmøre kammermusikkfestival AS leverte ein søknad 23. april, denne har ikkje sakshandsamar tatt med, men politikarane stod frie til å vurdere denne søknaden med då dei skulle ta stilling til korleis pengane skulle fordelast.