Gjorde det største funnet av John Olav Riise-fotografi utanfor Hareidlandet:

- Fleire fantastiske motiv

Hareidsdølingen var banebrytande innan fotokunst og er i dag ein kunstnar som stadig fleire får auga opp for. No har fleire av fotoskattane signert John Olav Riise dukka opp – hos ein Austlands-familie med anar frå Hareid.

Masdalskloven: Eitt av fleire bilde John Olav Riise tok med Masdalskloven som motiv - sett frå Overåsanden. Dette er blant dei i alt 25 bilda som skal seljast via auksjonshuset Blomqvist.  Foto: John Olav Riise.

Kultur

Ganske nyleg kunne Vikebladet Vestposten fortelje om Hans Fredrik Gude-måleriet «Norwegische Landschaft» frå 1848 – som spesialist og representant for Vestlandet hos auksjonshuset Blomqvist, Audun Hopland – var med på å finne.