Jovial start på dagen i Eiksund

Det var både tut, bråk og musikk då bygdefolket i Eiksund vart vekte med traktor måndag morgon.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Kultur

Klokka 08:00 starta 17. mai-feiringa i Eiksund. Då køyrde ein traktor gjennom bygda og vekte bygdefolket mellom anna med Freddy Kalas-songen "Jovial". Dermed burde dei fleste vere klare for å ta fatt på markeringa av grunnlovsdagen.