INNSENDT

Storpolitisk i Senioruniversitetet: Putin – ein ny tsar?

Nærare 60 interesserte møtte fram på Aktivitetshuset Vikholmen for å få med seg Erik Sølvberg sitt føredrag om Putins Russland. Dette var i regi av Senioruniversitetet. 

Russlands president, Vladimir Putin.  Foto: www.kremlin.ru. / Wikimedia Commons CC 4.0

Kultur

Torsdag 20. mai avslutta Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid vårsemesteret med føredrag om Putins Russland av Erik Sølvberg. Nærare 60 interesserte møtte fram på Aktivitetshuset Vikholmen.

Sølvberg innleidde føredraget med å sitere Churchill sitt syn på Russland: «Det er ei gåte i ein løyndom omgitt av eit mysterium». Framstillinga hans av Putin og rolla hans i utviklinga i Russland etter oppløysinga av Sovjet-Unionen stadfeste denne oppfatninga.

Da Putin avløyste Jeltsin, var diagnosen hans at det stod dårleg til med Russland. Boteråd var å vende seg vestover. Vilkår for betring var rettsstat og demokrati. Men etter kvart har det vist seg at Putins versjon av rettsstat og demokrati ikkje samsvarer med t.d. norsk syn. Som Peter den Store står Putin såleis med eitt bein i Europa og eitt i Asia.

Medan religion offisielt var «ikkje-eksisterande» i Sovjet-tida, har den blømt etter kommunismens samanbrot. Dette har Putin utnytta. Synet hans på politikk og Russlands rolle i verda skil seg ikkje frå den russisk-ortodokse kyrkja si lære, som tener til å gi Putins politikk ein høgare legitimitet. Dette kjem klart til uttrykk i den nye russiske grunnloven.

Putin spelar på patriotisme i redsle for omverda. Russisk sjølvforståing har i alle år vore at landet er omgitt av fiendtlege makter. Eitt uttrykk for dette er at Putin steg for steg stenger den vestlege verda ute. Europa er på veg mot normløyse og barbari. Dette må hindrast. Ei religiøs og moralsk atterføding av Russland er nødvendig. Eit trekk i dette er å finne i lærebøkene i historie som er på veg inn i russisk skole. Der blir historiske hendingar retusjerte for å la Russland stå fram som moralsk føredøme.

Sølvberg avslutta med å summere opp hovudtrekka i «putinismen»: Fellesskapets interesser er grunnleggande prinsipp. Difor må staten vere sterk og demokratiet «styrt»: Eg styrer for folket. Loven er min lov – som eg styrer etter. Den som styrer, er folkets far. Tsarisme og førardyrking er såleis tilbake i eit Russland som blir meir og meir asiatisk.