Når ferien verkar for lang:

Inviterer til Sommarcamp

Sommarcamp: Victoria, Anabelle og Khalid er i målgruppa for delta når prosjektleiar Vedrana Terzic og skulesjef Vegard Sæter Gurskevik saman med Ulstein kommune og samarbeidspartnarane deira inviterer til Sommarcamp denne ferien. 

Kultur

Saknar du å verte kjend med nye folk og tykkjer du at sommarferien vert for lang? Då kan Sommarcampen til Ulstein kommune vere noko for deg. To veker rett etter skulane sluttar og to veker like før skulestart, kan born og ungdom i Ulstein som no går på 5. til 10. klassetrinn vere med på ei rekkje ulike kursaktivitetar. Og det heilt gratis.