Klart for nattevandring frå Flø:

– Alle er velkomne

18. juni er det duka for KFUK-KFUM si årvisse nattevandring på Flø. I 2020 var heile 80 deltakarar med på den tradisjonsrike turen – og håpet er at mange tek turen også i år.

Nattevandring: Bjørg Vartdal Hareide (f.v.), Oddbjørg Vartdal og Nancy Bergseth er klare for KFUK-KFUM si årvisse nattevandring på Flø. Vandringa tek til kvelden 18. juni. Det store målet for turen, Roppehornet, ser ein i bakgrunnen.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Vikebladet Vestposten møtte for ei tid tilbake Nancy Bergseth, Bjørg Vartdal Hareide og Oddbjørg Vartdal – heime hos sistnemnde på Flø. Trioen kunne fortelje at den årvisse nattevandringa, i regi av KFUK-KFUM i både Hareid og Ulstein – er open for absolutt alle som vil.