Sjå bilde frå konserten:

Sommarlege tonar i Hareidhallen

Hareid musikk- og kulturskule inviterte til sommarkonsert - der ein fekk høyre alt ifrå The Monroes til Løvenes Konge.

Trommis: Vinter Brandal Johansen spelte slagverkduett saman med slagverklæraren sin - og gjorde ein strålande figur. Vinter var ein av mange elevar ved Hareid musikk- og kulturskule som spelte og song under sommarkonserten i Hareidhallen.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Den årvisse sommarkonserten til Hareid musikk- og kulturskule gjekk av stabelen i Hareidhallen onsdag - der elevane fekk syne fram det dei har jobba med gjennom det siste året.